Mange ønskje trainee- og praktikantopphold ved Trøndelags Europakontor frå hausten

Heile 24 potensielle kandidater har meldt si interesse. Mange har erfaring frå tidlegare utanlandsopphald, samtidig som dei har fokus på det regionale trønderske perspektivet opp mot EU og Europa.

Foto: Trøndelags Europakontor.

– Det er svært positivt at så mange ønskje å jobbe for oss og at vi har så mange gode søkjarar å velje mellom, uttrykker dagleg leiar Heidi Fossland engasjert. Vi har fleire spanande prosjekt på gong, og mykje aktivitet som skal skje frå hausten, så dette lover godt legg Heidi til. Som vist til i stillingsutlysninga rekner vi med oppstart i september, men følgjer situasjonen i samråd med nasjonale helsemyndigheter kontinuerleg. Vi vil gjennomføre intervjuer i løpet av månadsskifte mars/april.