Går inn i 2020 med nye krefter ved kontoret

2020 betydde oppstart i Trøndelag, kor kontoret var aktivt til stades på blant anna det sentrale Trøndelagsmøtet. Samstundes fann Amalie Dalland Senneset vegen til Brussel,  kor ho byrja sitt engasjement som ny trainee ved Trøndelags Europakontor. Vi ønskje ho varmt velkomen!

Amalie Dalland Senneset er ny trainee ved Trøndelags Europakontor frå og med januar 2020. Foto: Trøndelags Europakontor.

Amalie har ein bachelorgrad i sosialantropologi frå NTNU og ein mastergrad i global utvikling og planlegging frå Universitet i Agder. Masteroppgåva hennar omhandla kvinners rolle i post-konflikt samfunn i Bogota, Colombia, der UD og Noreg har vore med som aktiv bidragsytar i fredsforhandlingane. Ho har erfaring frå Nicaragua og Argentina, gjennom studier og i arbeidsutveksling i Colombia gjennom Norec (tidlegare Fredskoprset).

I heimlandet har ho delteke i integreringsarbeid gjennom Røde Kors, CISV og Redd Barna. Engasjementet for desse nye som kom til Noreg, gjorde at ho valte å ha vere praktikant i Flyktinghjelpen (NRC). I denne rolla arbeida ho med interne granskinger globalt i NRC.

Vidare håper Amalie å få utforske det arbeidet som Trøndelags Europakontor gjer innanfor by og regional utvikling. Dette inneberer spesielt å utforske korleis trøndelagsregionen arbeider med å kartlegge og utnytte muligheter for europeisk samarbeid. Etter å ha vore på kontoret i Brussel i eit par veke, er det spesielt det arbeidet knytt opp mot bioøkonomi, men og dei kommande Europadagane som står i fokus. – Korleis trønderske aktører tek nytte av Erasmus-programmet er også svært spennande, seier Amalie engasjert.